SKREVET: 15.10.2012 / KLOKKA: 17:20

Eg må vær tidenes trøttaste person idag. Å vær ute heile natta på lørdag var ikkje så lurt med tanke på dagen idag. Sov maks 6 timar på lørdag-søndag og idag måtte eg opp alt for tidlig for å reise til Førde på FO - Kursdag. Like før eg sovna fleire gonger på veg ned igjen, så derfor var det deilig å komme heim, få i seg ein god middag og legge seg ned på sofaen i kjæresten sin genser og tjukkesokka. Har allerede fått på meg treningstightsen og er klar for trening om litt over ein halvtime. Dagane går virkleig i ett heile tiden, så eg gleda meg til å ligge å slappe av etter trening idag. Håpa alle har hatt og får ein fin start på veka :-)
SKREVET: 13.10.2012 / KLOKKA: 11:54
Eg lovde å vise kjolane eg kjøpte i sommar på Asos og den eine er blitt ein av mine favorittar. Kjøpte den på salg på asos for 180 kr eller noko. Elska detaljane på armen!


SKREVET: 09.10.2012 / KLOKKA: 17:27
Eg elska rolig musikk, og her er mine topp 5 som eg pleier høyre på i dusjen (og synge til for full hals)!

Kelly Clarkson - Dark side
James Morrison - You make it real
Rihanna - Unfaithful
Kate Voegele - Manhattan from the sky
Lana Del Rey - Dark paradise
SKREVET: 07.10.2012 / KLOKKA: 21:51

Herlig å avslutte veka med ein times gåtur i høstveret. Så no skal eg krype opp under dyna med dei rosa, kalde beina mine og kveldsmaten, og sjå videre på gossip girl sesong 4. Skal virkelig bli godt etter den kalde turen i regnet. Ellers har det vore ei mega fin helg, skikkelig avslappande. Ellers håpa eg alle får ei ny fin veke i måro! Litt småsjalu på dei som har høstferie, men min tur kjem snart den og.
SKREVET: 06.10.2012 / KLOKKA: 17:04
Eg var innom ein blogg eg sjelden er innom for noken måndar sidan og der fant eg ein anbefaling til ein treningsblogg, eg klikka meg inn på linken og vart veldig interesert! Denne bloggen er faktisk ein av dei beste treningsbloggane eg har vore innom. Ho har ikkje endra dramatisk på kostholdet og har trent regelmessig og bra, og ho har fått utrulig gode resultat på berre 6mnd. Ho har mange gode treningstips og mat oppskrifter heile tida og oppdaterer ofte. Det er også veldig kjekkt at ho mixa inn litt kvardag og mote. Dette er ein av mine absolutte favoritt bloggar og eg vil anbefale alle treningsintereserte om å besøke denne bloggen :-) HER FINN DU BLOGGEN

bilder lånt fra aninekristin.femelle.no.
SKREVET: 04.10.2012 / KLOKKA: 17:31
Når adrian er på jobb må eg nytte dagane til å lage wok til middag, så det gjorde eg igår. Prøvde ein kylling chop suey og resultatet blei super godt!

Du trenger Kyllingfilet (den krydra eg med salt, pepper, hvitløkspulver og hvitløk/urtekrydder), Nudla, rødløk, paprika, bambusskudd, vannkastanjer, gulrøtter, brokkoli og wok sauce.
Eg starter alltid med å steike kylling og koke nudler. Gulrøtter og brokkoli koker eg også litt før eg steiker det. Når kyllingen er gjennomstekt tilsettes grønsakene og tilslutt sausen og nudlane. La det stå ei ilta stund slik at grønnsakene blir skikkelig varme, og server! Super godt!

SKREVET: 01.10.2012 / KLOKKA: 21:32

Etter ein lang dag på jobb, tur til Førde for at Adrian skulle få handle litt klær og så ei herlig zumba økt, var det godt å legge seg på sofaen med ein heilt herlig kveldsmat. Roastbiff og makrell i tomat må vere det beste eg kan få på skiva, og så er det jo så sunnt i tillegg! Deilig å starte veka med trening, kanskje eg endelig klara komme igang igjen! :-)
Håpa alle har hatt ein like fin start på veka som meg!
SKREVET: 30.09.2012 / KLOKKA: 16:38



Bukse - sisters point / Genser - Bikbok / Skinnvest og skjerf - Gina tricot / Sko - Converse / Solbriller - Camden
Bukse, genser og skjerf er nytt!
Det er ein sånn herlig følelse at eg hadde "dagenderpå" igår og ikkje idag. Helga føles plutselig dobbel så lang og eg har fått så mykje ut av den her helga! Igår på bloglovin hadde eg 130 uleste posta, og sik har det vore dei siste to vekene. Har ikkje hatt tid til noko omtrent, men no er alt det travle over og eg er klar for å fokusere på trening, jobb og meg sjølv tid. Tok ei god styrke økt idag så da kan eg vel sei eg er godt igang. Håpa alle har hatt ei fin helg!
SKREVET: 26.09.2012 / KLOKKA: 21:13
Ein av dei finaste sommakjolane eg eige. Eg virkelig elska den, men desverre så blir den alt for lite brukt og er pittelitt liten til meg... Trasig! Den er frå Gina Tricot i str.38. Ny pris trur eg var 300-400. Selger den for 200,- inkludert frakt. Skriv ein kommentar under her om du er interesert!


SKREVET: 23.09.2012 / KLOKKA: 18:44
Har virkelig hatt ei heilt herlig helg og det er takket vere Sølvi, Eileen og Tone! Mi har hatt girlsweekend hos meg i helga og det blei virkelig ein suksess! Sladder, god mat, frisørbesøk, fest og sist men ikkje minst LATTER! Det har virkelig vore ein av dei bedre helgane på lenge! Tusen takk for ei super helg jenter. Eg gleda meg til neste gong!





SKREVET: 08.09.2012 / KLOKKA: 16:00

Åida, to veker sida sist... Har heilt utrulig mykje å gjer for tida og dagane går i eit. Jobb, trening, kjæreste og venner er ting som tar opp tida mi. Har vore herlig med ein "break" men har lyst å komme tilbake litt no, har så mykje på lur i utkast no som eg gleda meg til å dele med dikka!
Sida sist har det blitt haust, eg har fått eit par nye innkjøp, har vore i aurland to helger på rad og mykje meir! Har litt blanda følelsar om at det har vorte haust og kaldt i lufta, men samtidig er det litt herlig å kunne kle seg i tjukke gensarar og ha ein god grunn til å ta på seg dei herlege tjukkesokkane! Syns du det er bra eller dårleg at det no er haust?
SKREVET: 25.08.2012 / KLOKKA: 19:19



Bukse - bikbok / skjorte - cubus / vest - gina / skjerft - bikbok
Eit antrekk av omtrent berre dongeri! Eg må sei det ikkje er det eg lika aller best, men idag var det veldig stilig. Men så igjen, kva blir ikkje stilig med skinnvesten til? Gad, eg elska den! Ellers må eg berre sei eg elska å få posta litt antrekk i helgane når eg endelig kler meg litt skikkelig :-) Håpa det ikkje er berre eg som lika det?
SKREVET: 22.08.2012 / KLOKKA: 14:50

Etter to tima på jobb idag fant eg ut at det ikkje funka lenger, over natta har eg tydeligvis klart å bli sjuk. Derfor blei det ein dag på sofaen idag. Fekk sove ein time med kjæresten før han måtte på jobb, og resten av dagen skal eg ligge på sofaen med tv eller gossipgirl på skjermen! Håpa det her går fort over, det er så utrulig kjedelig å vere sjuk!
SKREVET: 19.08.2012 / KLOKKA: 21:09
Etter tordenvær og lyn til filmen igår kveld våkna eg opp like heil i senga i Aurland med Adrian i dag tidlig. Sida han måtte på jobb reiste han tilbake til H-town på formiddagen og eg biir til i måro på grunn av tannlegetur. Dagen har eg brukt på prest sammen med bestiss Torgeir! Det var ein slitsom, men heilt herleg tur på toppen av fjellet. Stoppa på eit utsiktspunkt på veg ned igjen for å strekke litt ut i sola, fantastisk!

No i kveld har eg vore frisør og deretter laga misslykka sjokoladekake med is sammen med søster! No står film på FEM for tur før mi begge er nødt til å finne senga. Eg elska helgane heime i Aurland! Kva har du brukt di helg på?
SKREVET: 15.08.2012 / KLOKKA: 23:01
Heilt til klokka 6 i kveld måtte eg sitte på jobb og sikle på sola. Då eg kom heim fekk eg ein liten time ute før sola gjekk ned, kjedelig, men det kjem forhåpentligvis ein ny dag med sol i måro! På kvelden gjekk eg trappene med svigermor. Utrulig tungt men også veldig kjekkt, spesielt å springe den lange vegen ned igjen, haha det var litt kappløp på oss der ja!


HAHAHA, fotogen svettis!
Sida adrian hadde tatt med seg alt av mat på jobb måtte eg lage pannekaker idag og, det var godt sjøl om eg heller ville ha noko anna i kveld, men orka ikkje gå på butikken.. No står gossip girl for tur! Har du vore sporty idag?
SKREVET: 14.08.2012 / KLOKKA: 08:04




Wow det her hadde eg virkelig ikkje trudd. Eg har steikt meg pannekaker til frokost og laga egg til lunsj og klokka er ikkje 8 ein gong.... Sånn går det når eg trur 07.20 betyr 08.20, haha. Stressa litt på den der ja, men var godt å ha litt god tid for ein gongsskyld. Har du forresten prøvd desse pannekakene? Dei er super enkle å lage og det smaka faktisk nesten heilt som vanlig, berre at dei er mykje sunnare. Det einaste du treng er 25g havregryn, 1 egg og 1 ss sukrin (eg bruka vanlig sukker inntil videre). Har funne oppskrifta rundt om på andre bloggar.
SKREVET: 13.08.2012 / KLOKKA: 22:04

Ny veke, ny start. Haha eg lura på kor mange ganga eg har begynt eit nytt og sunnare liv på ein mandag. Det her må vere den 100 gongen, men eg har vore ganske så motivert og flink heilt sida april og det er kjekkt! Kanskje eg denne gongen skal klare målet mitt? Håpa det :-) Dagen har hvertfall gått til solings, trening og å prøve ut ein ny type kveldsmat. Eg laga meg havregryn pannekaker og det var faktisk utrulig godt! Gleda meg til det eller egg til frokost i måro (om eg klara stå opp). No legg eg meg med god samvittighet og ser gossipgirl.
SKREVET: 13.08.2012 / KLOKKA: 18:19


Verdens finaste Toms sko! 699,- på DNA
SKREVET: 12.08.2012 / KLOKKA: 18:10


Har hatt ei super fin helg på målrock med knallvær, masse vin, herlige venna og god musikk :-) Eg er fornøyd og dagen idag blir brukt til å komme i form igjen! Ke har du gjort i helga?
SKREVET: 08.08.2012 / KLOKKA: 20:37
Da eg kom heim frå ferie for 2 veke sida låg det ein pakke og venta på meg på kjøkkendisken. Eg hadde nemlig vunnet ein konkurranse på bloggen til Annika! Trur det må vere første gong eg har vunne ein einaste konkurranse og morro var det! Einaste som var litt nedtur var at eg har ikkje brun og blid tilgjengeleg her i Høyanger, må reise enten til Sogndal eller Førde, så da lurte eg på om noken har noken tips til kva eg kan gjere med dei? Har tenkt litt på å ha ein konkurranse, kunne det vore spennande kanskje? Men da igjen lura eg på, korleis type konkurranse eg skal ha.. Det er litt vanskelig det her!


SKREVET: 06.08.2012 / KLOKKA: 11:13
Det er selfølgelig forskjellig fra hår til hår korleis hårkur ein skal bruke. Denne som eg vil anbefale er for slitt og kjemisk behandla hår, altså hår som er mykje bleika, farga, ødelagt hår for å sei det sånn. Eg syns det er ein heilt fantastisk kur og at Redken sin Extreme serie er heilt fantastisk til hår som virkelig er ødelagt. Husk, shampoo 2 gonger først, så kur i ca 15min (eller ta det i etter shampoo når du har tørka håret med handkle og gå med den i noken timer) så skyller du ut og tar i balsam! Pris rundt 420,-

Koreis kur bruker du? eller bruker du kur i det heile?
SKREVET: 05.08.2012 / KLOKKA: 12:57
Ja du leste riktig. Eg var med adrian og to kompissa på Manchester United supporter treff igår på Rockefeller, og det var faktisk ganske kjekkt! Drakk litt og såg på det som skjedde på scena. Eg er ikkje tidenes fotballfan akkurat, men syns det er kjekkt å vere med kjæresten på sånne ting som det her! Kjøpte meg til og med ein caps, berre for å passe litt inn der sida eg ikkje hadde på meg drakt.


Idag går turen til Ullevål stadion der mi skal sjå Machester United - Vålerenga (Vålrenga?). Blir nok ein voldsomt varm dag for eg svetta nesten vekk berre av å sitte på rommet. Her i Oslo skinner nemlig sola, slik den har gjort heilt sida mi kom på fredag :-)
SKREVET: 03.08.2012 / KLOKKA: 15:14

For 3-4 år sida kjøpte eg meg mi første dongeri jakke, og eg elska den lika høgt enda. Den er i str xs og fra Gina Tricot så litt rart den fortsatt passa, men eg klaga ikkje! Tycks?
Ps: har hatt dårlig med internett på båten, men er kommen til Oslo no og skal prøve å komme med litt oppdateringar herfra :-)
SKREVET: 31.07.2012 / KLOKKA: 22:09



Der var snart tiden for å legge seg kommt. Flyet til Oslo går halv 7 i måro tidlig, så no er det berre napping av bryn, ny neglelakk og å skylle ut hårkuren som skal bli gjort før eg hoppa til sengs! Eg har utrulig nok nesten fått gjort alt som sto på planen idag og har pakka utrulig lite. Kjempe stolt for at eg endelig har klart å pakke på ein litt vetig måte! Antrekket til i måro ligger klart og eg er mega klar for ferie! Har forhåndsskrevet ein god del innlegg som eg skal prøve å poste i tilegg til litt oppdateringa under vegs :-)
SKREVET: 31.07.2012 / KLOKKA: 14:58
Mykje står på planen idag og eg er enda ikkje halvveges ferdig. Når både eg og kjæresten sover så lenge som til klokka 12 går mykje av dagen fort vekk. I måro går nemlig turen til Oslo og videre med Color Magic til Kiel. Skal bli herlig med ein ferie med Adrian og familien hans no, nesten ei heil veke på tur. Derfor må eg vaske hus, pakke og gjere alt klart til turen. Inni mellom det her skal eg prøve å skvise inn ei siste treningsøkt denne veka og ein liten time sammen med Linn som snart skal få baby :-) Det er jammen godt eg hadde ein ekstra dag fri før ferieturen starta!

Ska bli herlig å reise på tud med denne godgutten!
SKREVET: 29.07.2012 / KLOKKA: 21:14

Dette bildet kom ut på min instagram (@superrrwoman) for omtrent ein time sida. Med litt snop i snopeskåla, iste og gossip girl på skjermen kjenner eg på meg at dette blir ein fin søndagskveld aleine i sofaen. Kjæresten er å fiska så da må eg utnytte det til det fulle. Sida eg har vore sliten og øydelagt etter gårsdagen idag så har eg lagt kosthold og trening på hylla for ein dag og velger heller å kose meg litt. Syns det må vere lov til tider, spesielt når eg hadde ei så hard beinøkt i går at eg streva med å gå idag, haha!
Korleis tilbringer du søndagen?
SKREVET: 28.07.2012 / KLOKKA: 14:11
Atm står trening på planen, så blir det pizza og etterkvert ein tur ut. Det her blir ein skikkelig fin lørdag og det er heilt herlig å få så mykje ut av dagen istede for å sove den vekk. Eg måtte nemlig opp klokka halv 10 for å gå på jobb der det var brud idag. Kjempe kjekkt å sjå på bruda bli fiksa og hjelpe litt til med å fikse dei andre! Under er dagens antrekk.


Genser - Bikbok / Vest - Gina Tricot (ny og eg elska den!) / Skjørt - Hm (nytt) / Sko - Converse (nye) / Klokke - Cmyk / Smykke - ?
SKREVET: 28.07.2012 / KLOKKA: 01:18


Bukse - Cubus / Genser - Bikbok / Vest - hm? / Sko - Toms / Øredobb - Glitter / Klokke - Cmyk
Hahaha bollekjaka delux! Men med ein fotograf som er utålmodig og ikkje verdens beste til å ta bilder så får det her bli som det blir. Er jaffal litt kjekkt og av og til kunne dele litt antrekk bilder med dikka når eg først fiksa meg litt, er dikka ikkje enig? Buksa og skoa er forresten nye! Eg viser nok meste parten av det eg kjøpte på ferie i antrekk no framover forhåpentligvis, eller så kjem dei etter eg har fått litt fleire innkjøp i Oslo :-)
SKREVET: 26.07.2012 / KLOKKA: 16:48

Shorts og genser er nytt frå cubus!
Da eg kjøpte glittershortsen tenkte eg at eg ville kunne bruke den til kvardags også. Det er kanskje ikkje så enkelt utan å sjå stivpynta ut, men eg fekk det til. Her er altså eit tips til korleis du kan style shortsen uten at det blir too much!
SKREVET: 23.07.2012 / KLOKKA: 21:12

Mangen herlige bilder som får meg til å savne forige veke! Slitsomt å komme tilbke på jobb idag ja...
Følg meg på superrrwoman!
Forresten så lurte eg på ein liten ting angående Mac. Eg finner ingen bra program der ein kan sette sammen bilder. På det eg bruka no er det ikkje plass til heile bildet av og til, noko som irritera meg.... Likte veldig godt Photoscape som eg hadde på den vanlige dataen min, men finner ikkje det til Mac. Tips anyone??
SKREVET: 21.07.2012 / KLOKKA: 20:51

Når eg kom heim låg dette og venta på meg! Fire herlige pakkar som eg har gleda meg til å få! Det var tre kjolar frå Asos, alle lika nydelige, og nærmare 200 bilder som eg skal lime inn i ei scrapbook om happenings i livet mitt! Vil forresten anbefale folk å bestille bilder frå www.nfoto.no. Super fine bilder, gode tilbud og super rask levering. Eg fekk mine som eg bestilte på onsdag, idag. Asos var og rimelig raske, det tok ca ei veke før dei var i postkassa. Morro!!! Må vell gi ein liten smakebit på kjolane?

Litt synd at den i midten er litt stor, er usikker på kva eg skal gjere med den... Noken som er spent å sjå dei på?? :-)
SKREVET: 19.07.2012 / KLOKKA: 14:09

Dette er det som står på ønskelista mi at the moment. Skoa blir mest sannsynlig kjøpt i løpet av veka. I hope so!
SKREVET: 18.07.2012 / KLOKKA: 11:53
Her er ein smugtitt på noko av det eg kjøpte meg her om dagen. Gleda meg til å vise det skikkelig for eg er inlove!





SKREVET: 17.07.2012 / KLOKKA: 12:52

Litt meir skya idag enn ellers, men eg satsa på at det bedra seg utover dagen! Får berre vente... HAhaha, morro med litt vær update eller kva? Det er i allefall morro å gjere dei heime sjalu på været her, for etter som eg har forstått så regna det heime, hoho. No står solseng og bok for tur!
SKREVET: 16.07.2012 / KLOKKA: 20:25
Shopping - Sol - Grillmat

For ein herlig dag! Var ikkje heilt bra vær når mi sto opp idag så tok ein sykkeltur til sentrum. Blei litt med heim idag og, eg som liksom ikkje skulle bruke så mykje peng. Når mi kom tilbake tok det ca ein time før alle skyene forsvann fra himmelen og solsenga vart brukt til det fulle! Sida det ikkje blei grillmat igår vart det i dag istaden. Det er virkelig noko av det beste eg veit om sommaren! Etter middag var det fortsatt varmt og Trine og eg gjekk ned til stranda der eg skulle forsøke å bade. Det var litt vell kaldt på grunn av all vinden, men eg prøver igjen i morgon. Beskriv dagen din med 3 ord?

SKREVET: 15.07.2012 / KLOKKA: 12:23

Sommar / Sol / Varme / Bikini / Lesehest / Solbriller / Camping / Chill / Is / Solkrem / Shorts / Sykkel / Strand / Sjø / Bading
Herlige ord som fint beskriver dagen idag. Ein dag eg ser fram til. Kan virkelig ikkje angre på at eg vart med familien på camping tur no nei! Dette kunne så absolutt ikkje blitt bedre. Korleis er været hos deg?
SKREVET: 14.07.2012 / KLOKKA: 20:13
Ankommet Marivolden camping etter å ha reist i bil fra klokka halv 12 i går til 12 idag. Vart ei lang natt, men alt blir bedre når ein kjem til ein så fin plass som det her. Holder til i Grimstad og her skinner sola. Godt med litt sommar. Dette vart dagens. Shorts - bikbok / Topp, smykke og vest - hm / Sko - Converse. Tycks?

SKREVET: 13.07.2012 / KLOKKA: 21:34
Idag har eg og ein gjeng jenter arrangert babyshower for den herlige veninna vår Linn. Ho blir mamma om berre få veker, så det var virkelig på tide at me kom igang og fekk gjort dette her! I anledning det her så tok eg fram den kreative sida mi (som eg ikkje var heilt klar over at eg hadde) og laga eit kort. Blei for ein gongs skuld veldig fornøyd, og det er morro! Dei tinga eg bruka til pynt på kortet har eg kjøpt på panduro. Kva syns du?




SKREVET: 11.07.2012 / KLOKKA: 22:49
Da eg var på Karmøy kjøpte eg meg ein del hårband. Eg har eit par stykker frå før men har eigentlig aldri brukt dei så mykje, så derfor følte eg for å få litt nytt å pynte håret med. Eg som er frisør burde eigentlig vere litt flink til det, men neida, å lage ting på seg sjøl er ikkje det enklaste. Men etter å ha sett Kristin på paradise gå litt med det så følte eg for å prøve det sjølv, og det er jo faktisk veldig stilig.

Som oftast bruka eg hårbåndet som på bildet over. Av og til tar eg litt av det fremste håret og tvinnar det rundt båndet. Ellers er eg veldig glad i "vaskedame sløyfa" som har blitt så populær i det siste. Det var vell kanskje på tide at eg kom med litt hår inspo på bloggen, eg er jo trossalt frisør. Skjerpings til meg!
SKREVET: 09.07.2012 / KLOKKA: 23:30
Det var tungt å komme tilbake på jobb idag etter noken dagar fri. Det var enda tyngre å reise seg fra sola på verandaen. Værre var det å springe intervall på styrkerommet, men det værste fekk meg nesten til å grine, eg knuste iphonen min totalt. Ein dag eg aldri hadde trudd skulle komme, kom, berre fordi eg skulle være så flink å rydde huset. Fader...

Men eg redda kvelden litt med ein super god omelett. Og no skal eg gjere det litt bedre med Greys på skjermen og litt fin nettshopping på asos! Er kjempe masse billig og fint på salg der. Kjedelig å sove aleine når det både tordna og lyna utafor, men eg overlev vell.


